Godt nyttår: Fyrverkeri til glede og ergrelse

02.01.2017
01:00


Foto: Mike Eneiro

Blinkande, fargesprakande lys. Det smeller, sprakar og glitrar på himmelen. Ein kjenner ein eim av svidd krutt. Kven liker vel ikkje det? Eg var sjølv veldig glad i fyrverkeri då eg var lita. Det var rakettane som var det store høgdepunktet 31. desember. Den eine dagen i året eg faktisk fekk lov til å vere vaken til over midnatt saman med dei vaksne, - Ja, viss eg greidde det då. Det var ikkje alltid eg gjorde, for eg har eit minne om at eg hadde lagt meg og at mamma vekte meg for at eg skulle få sjå nyttårsrakettane. Dei kunne vi ikkje gå glipp av.

 

Tenk at i Oslo vart det brukt i 2016 heile 800 000 kroner på fyrverkeri som knapt var synleg. Dei fem største byane i landet har i 2016 brukt over 2 millionar kroner på fyrverkeri. Desse to millionane er skattepengar vi har betalt. Det vil sei at nokre av mine og dine skattepengar bokstavleg talt går opp i røyk. Sitat: "Ifølge Norsk Pyroteknisk Bransjeråd bruker norske privatpersoner i overkant av 300 millioner kroner på fyrverkeri på nyttårsaften". 300 millionar norske kroner som går opp i røyk. Dette er meir pengar enn det som blei gitt til TV-aksjonen i 2016 (link). Vaksne synast nok også at fyrverkeri er stor stas. Jo større og høgare smell og hyl jo betre, eller? I Noreg bruker vi mykje peng på fyrverkeri, men er det trygt at ein i berusa tilstand sender eksplosiver opp i lufta? Er det eigentleg forsvarleg å gje berusa personar tilgang på potensielt livsfarlege eksplosiver som kun er lovleg å selge fem dagar i året fordi det er så farleg? Fyrverkeri er lov å kjøpe og selge til privatpersonar frå og med 27. desember til og med 31. desember. Kva gjer det tryggare å selge fyrverkeri desse fem dagane enn resten av året? Det er også kun åtte timar i løpet av eitt døgn det er lov til å skyte opp fyrverkeri - frå klokka 18.00 31.12- kl 02:00 01.01. Åtte timar. Er desse åtte timane tryggare enn dei 8752 andre timane av året? Eg berre spør. Likevel finnast det dei som skyt opp fleire dagar før og dei som skyt opp fleire dagar etter nyttårsafta. Begge deler både til glede og ergrelse for mange.

 

Eg er einig i at fyrverkeri er veldig fint å sjå på. Kven liker vel ikkje glitter og fine fargar? Heldigvis er dei store byane (og nokre små) begynt med felles oppskyting for å begrense ulovleg oppskyting, personskade, og for å begrense tidsrommet det smeller. Antalet personar som blir skadde på grunn av fyrverkeri er redusert, men sjølvsagt finnast det dei som er uheldige, og dei som er litt for påverka av alkohol når dei skyt opp. Desse kan det gå riktig gale med. Nils Bull er overlege på augeavdelinga på Haukeland og har kartlagt augeskader som mellom ti og tjue nordmenn får på nyttårsafta kvart einaste år som følge feil oppskyting av fyrverkeri. I årsskifte 15/16 var det 17 augeskader, kor 6 av dei var alvorlege og 11 var moderate. Den Internasjonale Augelegeforeninga vil ha forbod mot oppskyting av fyrverkeri privat. Dette er noko den Norske Augelegeforeninga støtter, og har difor bedt om eit slik forbod hos Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (link). At det i det heile tatt er lovleg å kombinere fyrverkeri og alkohol i eit land som Norge er for meg heilt absurd. Fyrverkeri er sprengstoff. Det er farlege eksplosiver som kan drepe.
 


Foto: Meg

-

I går kveld opplevde eg noko som også veldig mange andre hundeeigarar gjorde. Eg har to hundar, ein Bichon Havanais på 5 år og ein Finsk Lapphund på 10 mnd. Havanaisen min har aldri vore skuddredd før i år. Eg merka det først då vi var på tur for nokre veker sidan; det var truleg nokon som skaut med rifle på blink borte på bøen til naboen. Det høyrtest i alle fall slik ut. Hunden min på 5 år blei livredd. Skolv og gjekk med halen under beina og ville opp. Eg måtte bære han heim igjen fordi han var så redd. Heldigvis var lapphunden på 10 mnd heilt upåverka av lyden og av den andre hunden. Havanaisen reagerte også på torevêr då Urd herja. På grunn av dette hadde eg fått skaffa Sileo til Havanaisen min. Eg tenkte difor at det skulle bli meir enn nok til han på 6 kg, så eg spurte ikkje dyrlegen om fleire reseptar. Det angra eg på no, for det hadde eg absolutt hatt behov for. 

 

Nyttårsafta kom, og rakettane begynte som vanleg alt for tidleg. Havanaisen ensa ikkje rakettane. Ikkje ein gong dei naboane sendte opp rett utanfor huset. Lapphunden ensa det som forventa heller ikkje, og sambuaren min hadde nyleg vore ute med ho ein kort tur i byggefeltet medan dei skaut opp rakettar langt vekke. Border Collie blandingen til svigerforeldrene mine derimot vart ganske raskt litt av eit nervevrak. I og med mine to ikkje reagerte tenkte eg at det var like greitt at han fekk ein dose med Sileo slik eg ikkje berre hadde den liggande når han kunne bli roleg på det. Han fekk ein dose med tre prikkar Sileo gel på innsida av kjaken, og etter ei kort stund blei han betydeleg rolegare. Etter to timar fekk han ein ny dose. Mine to var framleis heilt rolege.

 

Klokka var vel nærmare ni på kvelden og Lapphunden masa om ut for å gjere nr. 2. Eg tenkte at i og med det hadde gått så bra til no, så kunne ikkje to minutt rett ut forbi hushjørnet skade. Eg tok på ho halsband og kobbel og gjekk ut med ho. Lenger oppe i feltet skaut dei opp rakettar, og det tok ho veldig fint. Halen var fint krølla over ryggen slik ein lapphundhale skal vere. Ho ensa ikkje fyrverkeriet og gjekk fint og snusa i veikanten for å finne ein plass å bæsje. Uten forvarsel small det to på rappen rett over oss. Lapphunden blei hysterisk; glefsa, hylte og prøvde å vri seg ut av halsbandet. Hadde eg ikkje fått tak i pelsen hennar, gudane vite kor ho hadde tatt veien. Eg kan trygt, med handa på hjartet, seie at eg aldri før har sett ein så redd hund i heile mitt liv. Når vi kom inn er alle tre paniske og vi jobba for å få dei til å ta godbitar. Ete, kva som helst (mat er roande). Havanaisen fekk sin dose med Sileo, og sidan Lapphunden tok godbitar, så valte eg å vente med å gje ho. Ho roa seg til eit akseptabelt nivå etter omtrent ein times tid. Vi skunda oss å ete dessert og reiste heim. Den korte bilturen heim gjekk heilt greitt, og vi sette på ein film med høg lyd før midnatt. Eg veit ikkje kor mange pakkar med Dentastix eg ga dei i går, men det var mange. For å seie det slik, så vil eg heller vaske diaré 1. nyttårsdag enn å ha hundar som er heilt øydelagte. Dei roa seg greitt ned begge to før vi la oss, og dei tok godbitar.

 

I dag har det vore eit helvete for Lapphunden. Ho har hatt verkelege etterverknader av rakettane i går -  Det begynte i dag tidleg med ein tissetur ut kor ho høyrte at naboen slo på bosspannet sitt for å få opp lokket som var fastfryst. Dette reagerte ho veldig på og sprang panisk rundt i hagen med halen mellom beina. Sambuaren min fekk fanga ho inn, og ho fortsatte inne. Vi prøvde å gi godbitar. Ho tok kanskje ein, og resten spytta ho ut. Vi tok på sele og langline og tok med ho, Havanaisen og katten ut på bøen - kanskje dei kunne distrahere ho litt? Kanskje ho ville jage dei? Men nei. Det einaste ho var opptatt av var å lytte. Bildører, ytterdører, bosspann, alt var skummelt. Då vi kom inn fekk ho siste rest av Sileo. Eg spurte på Hundegruppa her på Facebook om nokon hadde beroligande liggjande. Heldigvis har vi snille naboar som lånte oss adaptilhalsband og spray. Vi prøver alt! Sileoen fungerte veldig bra. Ho sov ei god stund i sofaen, neddopa på Sileo, med adaptilhalsbandet rundt halsen, og med selen dynka i adaptilspray. I 2017 skal vi fokusere mykje på lydar, og håpet er å få hundar som ikkje er skuddredde. Det verkar veldig uoppnåeleg akkurat no. I skrivande stund 23:38, 1. nyttårsdag er Lapphunden framleis forferdeleg skvetten. Ho skulle gjerne framleis vore neddopa. 

-


Foto: Meg
 

Dette er noko eg har lyst til å dele med andre fordi eg vil at folk som ikkje har skuddredde hundar skal sjå korleis faktisk nokon kan ha det på nyttårsafta. Dette gjeld ikkje berre min familie, men garantert fleire hundre familiar med hund i Norge. Folk med skuddttrygge hundar tenkjer nok "det er jo berre å venne dei til lydane". Nei, det er ikkje berre det. Vi har trent på lydar, og det har gått veldig fint. Vi har spelt av rakettar på høgtalarane inne. Lapphunden har vore med sambuaren min på skytebana, og ho har ikkje reagert noko som helst. Det var dei to rakettane som kom på rappen over hovudet på oss når ho var ute for å bæsje som øydela alt. To rakettar som varte i nokre få sekund. To rakettar som blei sendt opp på eit tidspunkt eg vurderte som trygt for oss å gå ut i to minutt. Der tok eg grueleg feil. Fyrverkeri med lyd, lys og lukt. Det er ikkje berre berre å trene på det, men vi skal heilt klart gjere vårt beste med å få hundane våre trygge igjen. Nyttårsafta i 2017 skal bli betre. Både for oss og for hundane våre. Det er absolutt ikkje noko kjekt å vere eigar av ein skuddredd hund på nyttårsafta når du må gå og passe på heile tida, vere til stades for hunden, stryke, klappe. Ein skal vere der for den. Vil den på fanget, la den sitje på fanget. Ver der, stryk den, men ikkje vis at du er redd eller bekymra. Då vil det kunne smitte over på den.

 

For å runde av dette, kan vi og sjå på saka frå fleire sider. Det er ikkje berre hundane våre som blir redde. Kattar blir redde, kaniner, pelsdyr på pelsdyrfarmar, hestar. For ikkje å snakke om dei stakkars ville dyra i skogen. Kven trener dei opp til å takle slike lydar? Mennesket er ein egoistisk art som sender opp eksplosiver i lufta for at vi skal kunne ha det moro i ti-tjue minutt ein dag i året. Dette går utover dyra våre. Det går ut over augo til nokre, hørselen til nokre. Dette fører igjen til store utgifter for staten - operasjonar, forsikring, nokre blir kanskje uføre og må gå på trygd resten av livet. Hus blir brent ned, liv går tapt. Er det verkeleg verdt det? Det finnast også dei med sjukdommar, PTSD som blir redde når det smeller ute. Personar med demens som gjerne lever under 2. verdskrig i følgje dei sjølve. For dei er det nok lett å tru at dei blir angripne av tyskarar. Så har vi mennesker med angst og psykoser. Mange mennesker synest nyttårsafta er den verste dagen i året. Mennesker som har flykta frå krig, små barn som har mareritt om at folk skyter etter dei og familien i heimlandet. Er det verdt det? Dersom folk i det minste kunne venta til midnatt hadde andre som helst vil unngå lydane kunne hatt litt meir kontroll. Dei som har dyr som er livredde kunne dopa dei ned i god tid slik medisinane hadde fått tid til å fungere. Folk og dyr kan søke tilflukt i lydisolerte rom eller liknande. Eventuelt kunne ein forbydd privat oppskyting av fyrverkeri. For min del hadde det absolutt vore det beste, då mange hadde nok sendt opp før midnatt uansett. Ein kunne til dømes sendt opp fyrverkeri ved midnatt i kvart grendalag.

 

Dette var eit (litt langt frustrasjons)innlegg frå meg i det nye året. Dette er noko eg synest er viktig. Eg håpar mange vil tenke over dette 31. desember dette året og viser litt hensyn til dei som har redde dyr neste gong dei skal skyte opp rakettar. Eg håpar dette er noko som på alvor blir tatt opp av politikarane og at reglane for oppskyting av fyrverkeri blir kraftig innskrenka om ikkje totalforbod. 

Når dette er sagt, håpar eg alle får eit fantastisk år i 2017! 

 

- Del veldig gjerne innlegget på Facebook om du er einig med meg!

Signer gjerne her: http://www.opprop.net/forbud_mot_fyrverkeri_i_privat_regi

#fyrverkeri #fyrverkeriforbud #nyttår #nyttårsaften #hund #katt #hest #kanin #pelsdyr #demens #PTSD #angst #krig #skader #HUS #adaptil #sileo #dop

4 kommentarer

Sandra Marie 02.01.2017 02:02
fine bilder :)
Victoria Larsen 02.01.2017 02:11
Flotte bilder! Jeg håper du får et godt nyttår! :-)
Mia - Alt annet enn A4 02.01.2017 12:35
Nei, det er ikke verd det! Folk burde tenke lengre enn sin egen lille svære. Grunnene er like dårlig hver eneste år... Om alle hadde ventet til midnatt, og skutt seg ferdig da. Ja, da skulle vi ha overlevd de minuttene. Forberedt og vell vitende om at de slipper å bli skremt dager i etterkant. Håper det går bedre med dine snart <3 Min har heldigvis unngått å høre smelling i etterkant (jeg har hørt, men han sov heldigvis akkurat da). Nå skal vi ut, og hver gang krysser jeg alt som krysses kan om at folk klarer å la restene ligge!
Susanne Håheim 02.01.2017 22:50
Mia: Huff, ja. Lapphunden er framleis veldig skvetten og reagerer på lydar, men betre enn i går. Eg hørte nokre svake smell tidlegare i dag. Usikker på om det var skudd eller rakettar, men det var ein god del. Ho reagerte heldigvis ikkje på det då.

Skriv en ny kommentar

Susanne Håheim

Susanne Håheim 22, Jølster
Hei! No har du rota deg inn på bloggen til ein sjukepleiar som interesserar seg for hund og foto. Det blir ikkje veldig ofte oppdatert her - er vel mest bileter som vert lagt ut, og av og til dersom det er noko eg føler for å skrive.

Bla i bloggen

Søk i bloggen

Siste innlegg

Siste kommentarer

Widgets

Design

hits